(2014)
Revidert utkast til et alternativ til programkomiteens forslag til nytt sosialismekapittel i Rødts prinsipprogram
Noko må gjerast.
I rundt 200 år har først vår del av verda, og etter kvart stendig større delar av kloden og tilveret, vore styrt etter det kapitalistiske hovudprinsippet: Pengane rår. Eller sagt på anna vis: Kapitaleigarane har det aller meste av makta i samfunnet; dei er få, men dei avgjer det meste og viktigaste. Det skjer lite nytt utan at det tener pengemakta. Under kapitalismen gjeld det alltid for eigarklassen å samle meir kapital enn han hadde før. Det viktigaste er difor å tene pengar. Kva ein tener dei på, er ikkje viktig.
Når nokre få har stor makt, tyder det at dei mange er maktlause. Kapitalen som eigarklassen sit på, er samla opp gjennom utbyting av arbeidsfolk, naturen og fattigare nasjonar.
Rett skal vere rett, kapitalismen er ikkje den same i dag som for 200 år sidan, og det er store skilnader frå land til land. Det finst rimeleg godt fungerande velferdsstatar, og det finst tungt undertrykkande diktatur. I mange land har arbeidarklassen klart å slåst til seg sosiale rettar og ein viss medverknad i styringa av samfunnet, men faktum er at bak denne fernissen skjuler det seg ein stendig meir kapitalistisk kapitalisme.
Gjennom imperialismen og kolonialismen har kapitalismen breidd seg over heile kloden. Avkoloniseringa har ikkje endra på dette. Da den kalde krigen tok slutt, vart landa i Austblokka raskt inkorporerte i det rådande systemet. Likeeins med Kina, same kva fraser herskarane der nyttar. Finanskapitalen har vakse frå å vere ein hjelpedisiplin for industrien til å verte blant dei største og viktigaste aktørane. Statsmakta – med sine særlege militære og juridiske rettar – er dei fleste stadene i verda ein integrert og sentral del av storkapitalen med direktørar som skiftar frå den eine til den andre sida etter som det passar. Lovgjevarane har tilpassa regelverket maksimalt til beste for kapitalen: Om ei bedrift før gjorde det dårleg, vart eigaren fallitt. I dag er ansvar og kostnad pulverisert gjennom aksjeselskap og andre konstruksjonar. Trenden dei siste tiåra er at stendig meir av velferda i vestlege land vert gjort til vare på verdsmarknaden.
Profittørane har betre tider enn nokon sinne. Verda er meir kapitalistisk enn nokon sinne.
Samstundes er livsgrunnlaget vårt – naturen, klimaet og artsmangfaldet – truga av omsynsløyse og profittjag. Til dømes har det i fleire tiår vore kjend korleis ein kunne redusere skadane frå persontrafikk over korte distansar (les: privatbilismen) ved strukturelle og teknologiske tiltak. Men det som skjer i praksis, er lappverk, og slik kan kapitalen tene på bensinbilar og el-bilar samstundes, og slik kan entreprenørane tene på å bygge jarnbane og motorvegar parallelt. Over heile kloden ser vi resultatet av jakta på kjappast og størst mogleg forteneste kombinert med kapitalens anarkistiske fridom: avskoging, nedfisking, forørkning, neddemming og meir til.
Dette systemet er ikkje rettferdig. Dette systemet er ikkje funksjonelt. Ikkje for andre enn dei på toppen. Og systemet er heller ikkje berekraftig. Difor må noko gjerast. Det er ein tankekross at det på det norske Stortinget i 2014 ikkje sit ein einaste representant som meiner at kapitalismen er eit elendig system. Det er ein like stor tankekross at dette Stortinget er valt av folket, at det store fleirtalet av folk i Noreg framleis ser på den kapitalistiske uretten som akseptabel.
Raudt sitt hovudmål i denne fasen er å skape medvit om kapitalismens elende og viktigheita av ei ny samfunnsform, sosialismen.
Poenget med sosialismen er enkelt: å avskaffe kapitalen og utbytinga, og gjennom dette skape eit friare og betre samfunn for folk flest. Eit samfunn der hovudmålet med kvar einskild sitt arbeid ikkje er å auke kapitalen til ein eigar, men å skape trygge og meiningsfulle fellesskap.
På same vis som kapitalismen i dag og tidlegare framstår i hundrevis av variantar, vil også sosialismen sjå ulik ut – alt etter tid, stad og samfunnsmessige tilhøve. Det er difor ikkje mogleg å lage eit detaljrikt programmatisk bilete av sosialismen.
Men vi kan setje opp nokre hovudprinsipp. Enklast er det kan hende å seie at sosialismen som eit minimum skal vere negasjonen av kapitalismen. Det skal ikkje vere pengane som rår og nokre få som har makta, og det skal ikkje vere profitt som er hovudmålet.
Når makta ikkje skal liggje hos dei få, må ho liggje hos dei mange. Og det må vere reell makt, ikkje bare retten til å røyste kvart andre eller fjerde år. Kven er dei mange? I Noreg i dag er det i hovudsak den store klassen av arbeidarar – i industri av alle slag, i handel, transport og tenesteyting, i sjukehus og skole, på kontor og i lagerhallar, på småbruk og i fiskeskøyter, blant kunstnarar og pensjonistar. Etter kvart som kapitalen et seg inn overalt, vert fleire og fleire til arbeidarar. Store grupper som tidlegare hadde ein uklår plass i klassesamfunnet, får meir og meir preg av å vere maktlause og styrte arbeidarar. Alle har dei interesse av sosialismen, systemet der dei mange rår.
Korleis skal dei mange styre i praksis? Dette er vanskeleg å svare på konkret. Tidene skifter fort. For tjue år sidan ville få eller ingen kunne sagt korleis samfunnet og teknologien ser ut i dag. På same vis kan vi seie lite om korleis kapitalismen vil sjå ut om tjue år frå no. Dette vert ikkje brukt mot kapitalismen. Slik lyt det også vere med sosialismen.
Som vi ser det no, meiner vi likevel at om folk skal få reell makt, så må det satsast meir på mindre samfunnseiningar, på lokalsamfunn av ulike slag. Det fins mange røynsler – gode og dårlege – frå slikt som arbeidarstyre på fabrikkar, nabolagskomitear, deltakande budsjettering og folkekommunar. Desse røynslene må studerast grundig. Når slike forsøk har vortne mislukka, kjem det gjerne av at dei har hatt kapitalismen sitt hovudprinsipp, eit profittstyrt storsamfunn, som innskrenkande grunnlag. Slik vil det ikkje vere under sosialismen.
Informasjonsteknologien gir oss stendig meir hjelp til å løyse problem som har knuga oss i fortida. Internettet opnar for kommunikasjon i sanntid og gjer det mogleg å få omfattande informasjon om røynsler frå heile verda. Denne teknologien kombinert med nye produksjonsformer kan gjere at mykje av produksjonslivet vert ført attende til bygder og andre lokalsamfunn, samstundes som ein kan ha planar og samarbeid på eit overordna nivå. Dersom dette vert nytta til beste for folk, og ikkje for å oppnå maksimalprofitt, vert det gode høve til maktspreiing.
Automatisering og annan teknologi har redusert arbeidsmengda som vert kravd for å produsere varer. Denne produktivitetsauken er så langt i stor grad brukt til å gjere kapitaleigarane rikare og til å skyve arbeidsfolk ut i arbeidsløysa. Men auken kunne vore (og kan verte) nytta til å redusere den nødvendige arbeidstida i produksjonen. Det vil då vere mogleg å gje folk tid og krefter til å delta i styringa av samfunnet, både lokalt og i større samanhengar.
Kortare dagleg arbeidstid er særleg viktig for kvinnene, som under kapitalismen er pålagt ei mengd ubetalt arbeid innan heim og omsorg. Tiltak som kan redusere dette dobbeltarbeidet, lyt ein prioritere høgt, til dømes gode barnehagar, omsorgsbustader og fellesløysingar for slikt som matlaging og klesvask.
Korleis unngår vi at profitten rår? Ved gradvis å ta varer ut av marknaden, slik at dei ikkje er varer lenger. I Noreg er store delar av skole- og helsevesenet ikkje styrt av marknaden, enda om kapitaleigarane slåst for å ta over dette feltet også. Det er ein viktig kamp å hindre at dei får vidare framgang her.
Om ein ser bort frå dagens skrankar i form av kapitalens kampkraft og EU-direktiv, vil det ikkje vere vanskeleg å overføre store samfunnsområde til felleseigedom for samfunnet. Det gjeld til dømes transport, straumforsyning, teletenester, arbeids- og bustadformidling, banktenester, barnehagar og museum. Dette kan gjerast nesten over natta. Samstundes kan ein fjerne kvasimarknader, som internfakturering i det offentlege og unødig eigenbetaling på helsetenester, utdanning og kultur.
Dinest er det kan hende tida for å gå laus på det som utgjer dei største kostnadene for folk flest – og likevel er nærast heilprivatisert, som til dømes bustad og medisin. Bustadmarknaden kan regulerast på mange vis: konkurranse frå offentleg støtta husbygging, offentleg betalt infrastruktur, regulert marknad, spekulasjonshindrande lover, endringar i arvelova osb. Etter kvart vert kan hende det vanlege at bustadene er samfunnseigde.
Medisinindustrien er eit av dei beste eksempla på kor urimeleg kapitalismen fungerer. Produkt som kan bety liv eller daud for tusenvis eller millionar av menneske, vert styrde av verdsomspennande, patentpugande firma som har eigarvinst som viktigaste – ja, strengt tatt einaste – suksessmål. Kan det vere tvil om at både produksjonsprioriteringa og fordelinga ville fortene meir fornuftige mål?
Steg for steg må sosialismen gjere det slik at det er nytteverdien av varer og tenester som er det sentrale, ikkje prisen og høvet til forteneste.
Under kapitalismen har menneska ulik verdi. Ein velfungerande sosialisme krev eit nitid arbeid for å gjere slutt på dette. Den største ulikskapen har vi allereie nemnt: klasseskilnadene. Under sosialismen vil arbeidarklassen overta makta, og slik vil ulikskapen mellom samfunnsklassane verte gradvis redusert.
Det finst også mange andre skilje. Det viktigaste i Noreg er truleg skiljet mellom mann og kvinne, av di det inneber at den eine halvparten av folket generelt er lågare verdsett enn den andre. Dette har årsaker som ligg både i kapitalens behov og i tusenårig kultur. Systematisk arbeid for å byggje ned dette skiljet trengst for å skape fridom for alle. Staten og dei levande lokalsamfunna må alle arbeide målmedvite for at kvinnene skal ha like stor makt og verdi som mennene. Samstundes trengst det særeigen og sjølvstendig kvinneorganisering som kontinuerleg overvakar situasjonen og pressar på for forbetringar.
I det heile er det slik at ei gruppe ikkje kan vere fri om ho er med på undertrykkinga av ei anna. Sidan sosialismen skal vere eit fridomssamfunn, er det nødvendig at flest mogleg har medvit om og kjempar mot undertrykking som dei personleg eller i gruppe tek del i; det vere seg på grunnlag av alder, hudfarge, kjærleikspreferansar, livssyn eller andre tilhøve. Og også på desse felta trengst det at dei undertrykte sjølv organiserer seg og tar leiinga i fridomskampen. Det er også heilt påkravd at Noreg gjer slutt på undertrykkinga av den samiske nasjonen, og at vi avviklar den stadig aukande norske imperialistiske utbytinga av land rundt om på kloden. Internasjonal solidaritet er ein sentral del av sosialismen.
Ein revolusjon er ein brå og ganske ukontrollert overgang frå ei tilstand til ei anna. Å skli og falle på glattisen er ein enkel revolusjon. Du kan ha ønske om å ha full kontroll på både prosess og resultat, men røynda er ikkje slik. Difor kan vi heller ikkje programfeste no korleis den store omveltinga skal gå føre seg, den når kapitalismen vert sendt på skraphaugen.
Vi ønskjer oss at det skjer fredfullt og utan for mykje kaos. Men folk bør bu seg på at det kan gå annleis.
Slik vi ser det i dag, er det svært lite sannsynleg med ein revolusjon som har utspring i at sosialistiske stortingsvedtak vert setne ut i livet av eit lojalt statsbyråkrati med applaus og aksept frå bedrifteigarane. Då er det meir truleg at folk rasar over at styresmaktene stendig tek frå dei rettar og aukar kapitalen si makt, altså at eit fleirtal av folket – arbeidarklassen og støttespelarar – gjer direkte opprør og tek seg til rette. Det vil vere ein situasjon der dei styrande sit i vanmakt og ikkje maktar styre lenger. I alle fall ikkje med vanlege middel. Om makthavarane då vel å gå til fysiske åtak på folket, ser vi det ikkje som urimeleg om folket svarar kontant.
Revolusjonen vil elles vere prega av omstenda. Er Noreg det første landet i vår del av verda der det skjer eit stort opprør, eller følgjer vi utviklinga i andre land? Er det stor arbeidsløyse og mykje elende i landet, eller har folk det materielt nokså bra? Har kapitaleigarane vore monaleg kloke og stått fram som velmeinande samfunnsbyggjarar, eller finst det eit generelt hat mot dei i arbeidarklassen? Er landet kasta ut i ei større miljøkrise, eller lever vi i tilsynelatande harmoni med naturen? Er opprørarane disiplinerte og vel budde, eller skjer oppreisten spontant? Finst det utanlandske makter som ikkje vil godta at den norske arbeidarklassen tek eigarskapen til viktige ressursar? Svara på desse og andre spørsmål vil vere avgjerande for korleis revolusjonen vert sjåande ut – og korleis landet og livet er i den første tida etter. Tryggast på eit godt resultat er vi om arbeidarklassen er velorganisert og har sett seg klare mål.
Det er, som nemnt, grunn til å meine at sosialismen vil fungere best om det ligg mykje makt i lokalsamfunna. Etter omveltinga vil det truleg vere nett slik mange stader, som eit praktisk resultat av ein kaotisk situasjon. Samstundes vil det vere turvande raskt å få på plass ei effektiv sentralmakt, både for å få samfunnslivet opp å gå att og for å hindre tilbakeslag frå innan- og utanlandske motstandarar. Å få til ein god balanse mellom sentral og lokal styring vil vere ei svært viktig og svært vanskeleg oppgåve, og det trengst medvitne, organiserte og skolerte krefter på alle nivå for å få dette til.
Det er ikkje lett å svare på. Vi ønskjer ein sosialisme som gjev folk flest meir fridom og glede enn det dei har i dag – og då må vi sikkert organisere oss ganske annleis. Kan hende er det slik at fantasien vår set grenser når vi skal tenke på framtida.
Folk spør gjerne om det vil vere som i dag – mange politiske parti, frie val og eit storting. Kanskje. Men det vil neppe vere dei politiske partia vi har i dag (heller ikkje Raudt), og dei vil nok ikkje arbeide på same vis. Treng vi eit storting – eller er det betre med mange småting? Bare framtida vil vise.
Vi trur i alle fall det vil vere viktig med mangfald og kreativitet. Ikkje som i dag at fridomen er avgrensa til å kjøpe varer og selje arbeidskrafta si, men fridom for alle til å tenkje, skape, bidra i samfunnet, til å verte setne pris på og kjenne seg trygg. Religionsfridom? Ja, folk må gjerne tru som dei vil, men det er i lengda kanskje ikkje ei offentleg oppgåve å stø og oppfordre til rein overtru.
Også sosialismen vil og kan endre seg med tida – både til det betre og til det verre. Særleg det siste har vi ein del røynsler med i verda. Dei store sosialistiske eksperimenta i Sovjet og Kina førte til stor betring i livsvilkåra for folk flest: betre helse, høgare levealder, fleire som kunne lese, betre vilkår for kulturverksemd, betring av kvinnene sin situasjon, auka deltaking i styringa lokalt osb. Men etter nokså kort tid degenererte sosialismen i desse landa. I staden for at folkemakta og fridomen vart utvikla vidare, gjekk leiinga i parti og stat over til å bli som tidlegare leiarar: herskarar over folket, ikkje tenarar for og av folket. Vegen attende til kapitalismen var då ikkje lang, og i dag rår profittveldet igjen i desse landa.
Den generelle lærdomen av dette lyt vere at sosialismen, i tydinga samfunnet etter revolusjonen, ikkje kan vere eit mål, men berre eit steg på ein lang veg fram mot fridomsriket. Målet for arbeidarklassen er gjennom klassekamp å fjerne klassane og slik også klasseundertrykkinga. Dette arbeidet må halde fram uavbrote under sosialismen, og det må skje i samvirke mellom folkelege organisasjonar av alle slag. Det vil også trengast opposisjonelle, revolusjonære parti i heile den sosialistiske perioden.
Når ein så kjem stendig nærare målet om eit samfunn utan undertrykking, i harmoni med naturens tålegrenser, vil strukturar som statsmakt og militærmakt svinne hen til eit minimum, og det vil vere mogleg å sjå konturane av eit verkeleg fridomsrike: ei verd der alle menneske er like mye verdt, der ingen er styrande og ingen styrte, der pengar er historie, og der eigedom er blitt til fellesdom. Dette kallar vi kommunisme.