ydmyk.no

To viktige skilnader

(2014)

Kommentar til Klasseskampens presentasjon av programdiskusjonen i Rødt

Klassekampen skriv 24. april igjen om programdebatten i Raudt. Denne gongen er eg blitt intervjua med bakgrunn i at eg har skrive det eine framlegget til nytt sosialismekapittel. Eg takkar for god attgjeving av standpunkta mine.

Likevel vil eg gjerne peike på nokre problem i avisa si framstilling av kva som skil dei to foreslåtte tekstane.

Av faktaboksen ser det ut som om mitt framlegg er fullt av «klassiske marxistiske omgrep», medan slike ikkje er med i det andre framlegget. Begge delar er heldigvis feil, noko som ein interessert lesar kan finne ut ved å gå til Raudt sin nettstad. Klassekampen gjer vidare eit lite nummer av at framlegget mitt skriv om Kina og Sovjet. Som eg seier i intervjuet, er ikkje dette viktig for meg. Men det er ikkje uvesentleg å nemne at det andre framlegget har ei meir omfattande drøfting enn eg om «historiske erfaringer med sosialisme».

Eit siste element som avisa tar opp i ingressen, er spørsmålet om fredeleg revolusjon. Igjen: Det andre framlegget skriv også om vald i revolusjonar, og heilt rett peikar det på at erfaringa viser at det stort sett er dei gamle makthavarane som vert valdsbrukarar. Komiteleiar Ronny Kjelsberg og co seier ingenting om kva som lyt vere svaret på dette, så her står vi i uvisse om kva dei meiner. Eg synest vi trygt kan seie at folkeviljen må forsvarast. Korleis dette skal skje, får dei avgjere som står oppi situasjonen.

Det finst etter mi meining meir interessante skilnader på dei to framlegga enn det Klassekampen har valt å trekkje fram. Av plassomsyn nemner eg berre to:

Framlegget eg har skrive, legg stor vekt på styring nedanifrå, folkeleg organisering, lokal makt og utvikling av nye styringssystem. Det har også brei omtale av den nye faktiske fridomen som sosialistiske løysingar vil innebere for folk flest. Båe desse felta er diverre svakt dekte i det andre framlegget.